Store Naa – Gard 57 bruk 2.
Garden har vore i slekta si eige sidan 10.10.1724. Då vart Store Nå delt i to jamstore bruk. Det er då Eirik Asbjørnson Aga som fekk gåvebrev av verfar (svigerfar) sin, Jarand Meland. Gard nr. 57 Bruk nr.2 har ei lang historie, som strekker seg tilbake i 10 generasjonar.
Frå Eple til Sider
Sideriet ligg 200 meter frå hovedhuset på garden. Sideriet er i utgangspunkt eit gamalt kyllinghus som har stått brakk sidan 2009.
I Sideriet er det 350 m² boltreplass for Eirik og hans kompani til å lage «57/2» sideren, men og til utvikling og prøvesetting av nye produkt.
Men utan familie og gode vener vert ikkje sideren til. Kompaniet har mange æresmedlem som fortener ei stor takk!
Ta turen innom garden og få ein omvising!